| Forord
I denne oppgåva skal eg prøve å fortellje om
nokre moglegheiter du har for å kjøle ned datamaskina
di. I byrjinga var det ikkje nødvendig med mykje kjøling.
Prosessorane hadde berre ei ribbe for å lede varmen litt vekk.
Dette virka fint heilt til Pentium 1 kom. Då byrja ytelsen
å kome opp på eit so høgt nivå at det vart
behov for meir kjøling. Det vart svært store problem
rundt omkring med dei pentiumane som kun hadde den tradisjonelle
ribba. Då byrja dei å forme ribba slik at dei fekk sett
ei vifte oppå. Då fekk dei flytta lufta frå den
varme prosessoren slik at den ikkje vart overoppheita. I dag er
det standard med kjøling på både grafikkort og
prosessoren. I tillegg er det ikkje uvanleg at det er ei vifte på
chipsettet på hovedkortet. Prosessoren har som regel ei ribbe
og ei vifte. Grafikkortet har som regel også ribbe og vifte,
men ettersom det er begrensa med plass ned til PCI-slotsen er den
som regel svært liten (ofte rundt vifta). Eg har ikkje noko
om ekstra om skjermkortkjøling, ettersom dette kun er nødvendig
for dei som vil overklokke det veldig mykje. Dei fleste skjermkort
kan overklokkast ein del sjølv med originalkjøling.
CPU-kjøling
Det som er viktigast å kjøle i pc’en er CPU’en
(eller prosessoren). Det er også her du har flest moglegheiter.
Om du ikkje skal bedrive noko overklokking treng du mest sansynleg
ikkje noko meir en ei vanleg vifte oppå ein sokkel. Dette
burde vere nok kjøling for dei fleste (forutsett at det er
ei kraftig nok vifte). Om du skal overklokke eller av andre grunnar
treng kraftigare kjøling er vannkjøling (side 6-7)
eit alternativ du bør vurdere. Eit peltier-element kan også
vurderast (for dei som treng spesielt mykje kjøling) (les
meir om peltier på side 10). For dei som ikkje treng ekstra
kjøling er det eit utall med valg. Eg skal presentere nokre
moglegheiter frå forskjellige produsentar.

Mist har ein modell som ser ganske interresant ut.
Den brukar to vifter (ei på kvar side. Dette er nok til at
denne vifta ser lovandes ut. Viftene er frå produsenten Papst
og er av størrelsen 60x60 mm. Dei har eit turtal på
2650rpm og kan med det flytte på 11CFM i timen. Dette gjer
dei med berre 16 dB kvar. Dette vil sei at ”Silent Twin”
er eit svært godt alternativ om du ønskjer ein stille
PC. Utifrå overklokking.no’s test kjølar den
også svært godt om du tek med i beregninga det lave
støynivået. Mist Silent Twin er beregna på AMD-prosessorar
med socket A.

Sibak er ein relativt ny produsent av kjøleutstyr. Dei har
3 modellar som er tilgjengelege i norge. Den modellen som du her
får sjå er noko spesiell ettersom den i likheit med
modellen som er vist ovanfor har 2 vifter. Sibak’s modell
ser noko betre gjennomtenkt ut. Den brukar 50x50 mm. Som er eit
hakk mindre en dei som er brukt på mist’s modell. Dette
gjer at dei må ha eit høgare turtal for å flytte
like mykje luft. Desse viftene har eit turtall på 4800rpm
og skal kunne flytte 12,25 CFM. Dette vil sei at mist er eit betre
alternativ om du gjeng etter CFM pr. dB. Sibak’s AT-1515 B
er berekna til AMD-prosessorar med socket A.

Zalman er ein velkjent vifteprodusent og denne kjølaren ser
absolutt interresant ut. Den har ein skjerm til å lede varm
luft frå prosessoren vekk, eventuelt ut frå kabinettet
og difor burde dette vere eit godt alternativ til andre kjølarar.
5700d Cu, som denne modellen heiter er av overklokking.no vurdert
som eit godt produkt. I tillegg til at den virkar godt ser den veldig
stilig ut inne i kabinettet (spesielt om du har eit plexiglas).

Thermaltake Volcano 7 er ein kjøler som er laga til både
Pentium 4 system og AMD sin socket A. Den har ei ribbe i kopar og
ei vifte som kan regulerast frå 3000 til 6000 rpm med hjelp
av ein regulator som fyl med. Den kan opptil 49 CFM og har eit støynivå
som strekkjer seg frå 24-47 dB. Overklokking.no konkluderar
med at den kjølar ganske bra sjølv på lavaste
rpm.
Vannkjøling
Vannkjøling er eit godt alternativ for dei som treng litt
ekstra kjøling. Ulempa er at det er litt meir avansert en
luft-kjøling. Medan du med luft-kjøling berre treng
vifter plassert på strategiske stadar må du med vann-kjøling
ha fleire komponent. Effekten er mykje betre en med berre vifter.
Komponenta du treng er som fylgjer:
· Radiator (til å kjøle ned det roterande vatnet).
· Kjøleblokk (til å lede varmen frå CPU
over i vatnet).
· Slangar (til å lede vatnet rundt).
· Koblingar (mellom slangane og dei andre delane).
Når du har alle delane er det berre å sette i gong
å montere.
Kjøleblokka skal på prosessoren og må festast.
Den kan anten skruast fast eller den kan festast med clips. Dette
kjem an på kva type prosessor/hovedkort det er, og også
sjølvsagt kva blokk du har kjøpt. Under er det bilete
av ei blokk (Maze 3). Her er blokka ferdi montert og som du ser
er slangane kobla til. Slangane bør vere korte og tjukke.

Her ser du at blokka er festa med skruar i kvart hjørne.
Det er sjølvsagt svært viktig at alt er festa godt.
Slangane er spesielt viktig ettersomt det ville vært svært
kjedeleg om det byrja å pumpe vatn utover maskina.
Slangane ledar vatnet ved hjelp av ei pumpe igjennom ein radiator
og eventuelt inn i ein vanntank. Pumpa er eit svært viktig
element i eit system med vannkjøling. Om pumpa stoppar vil
sirkulasjonen stoppe og dermed også kjølinga. Heile
prinsippet i vann kjøling er at du varmar opp vatnet, pumpar
det rundt til ein kjøleplass og så rundt igjen. Øverst
på neste ark kan du sjå ei skisse over korleis ein kan
sette opp eit vannkjølings-system.

Til pumpe kan du bruke kva som helst. Det som er viktig er at den
er kraftig nok til å pumpe vatnet rundt, og at levetida er
long. Om du har ei pumpe med kort levetid kan du risikere at den
stoppar og dermed stoppar også kjølinga di. Dette kan
føre til død og fordervelse for CPU’en.
Her er eit bilete av ein radiator.

Dette er ein Black Ice Extreme 2 frå produsenten HWLabs.
Dette er ein av dei sjeldne produsentane som lagar radiatorar beregna
til bruk i datamaskinar.
Radiatoren er den delen i systemet som kjølar ned vatnet.
For å kjøle ned vatnet som strøymar igjennom
radiatoren brukar vi vifter. Radiatoren på biletet er designa
for 4 vifter. 2 på kvar side.
Når du har desse delane kan du sette opp eit vannkjølingsystem.
Ein ting som er verdt å tenke på ved vannkjøling
er at det kan oppstå kondens (det dannar seg fuktigheit).
Dette er svært viktig å passe på ettersom vatn
og datamaskiner ikkje er gode venar.
Ram-kjøling
Det er også mogleg å kjøle ram-brikkar. Om du
har SD-RAM er det svært lite å hente på å
kjøle ram’en. Men om du har DDR-RAM (som er raskare
og difor også varmare), kan det være litt å hente.
Under er det bileter av 2 forskjellige kjølarar frå
Thermaltake.
 
Det fyrste settet som kom var det til venstre. Det er (utifrå
det eg har funne ut) det fyrste settet med ramkjøling. Dette
settet vart laga i aluminium. Settet til høgre er stort sett
det same, med unntak frå at det er i kopar. Kopar ledar varme
betre en aluminium og ein burde difor få betre ytelse. Begge
desse setta er testa på www.overklokking.no. Eg gjer oppmerksom
på at det er kun det nyaste (tilvenstre) som er i salg i dag.
I tillegg til Thermaltake har også Collermaster laga ei løysing
for RAM-kjøling. Eg har dessverre ikkje funne nokon testar
av dette produktet, men eg kan tenke meg at Thermaltake er noko
betre. Dette fordi det i deira produkt også fyl med ribbe
til minnet på grafikkortet.

Overklokking.no testaThermaltake’s produkt på ein 256Mb
Crucial PC2700 som køyrer på 333mhz. På denne
fekk dei ein temperaturforskjell på berre 2-3° C i forhold
til utan noko kjøling.
Thermaltake’s produkt har både kjøling til vanlege
ram-brikkar og dei som ligg på grafikkortet. Dette er svært
bra ettersom det også kan vere behov for å kjøle
desse (spesielt om du overklokkar kortet litt). Ein ting som ikkje
er så bra er at desse er i aluminium. Overklokking.no planslipte
desse kjølarane før dei monterte dei (fordi dei ikkje
hadde heilt jamn overflate) og dei fekk ein temperaturforskjell
på heile 14,1° C i forhold til når dei brukte original
kjøling på eit GeForce 3 kort. Dette seier litt om
kva det er å hente ved å kjøle skikkeleg.
Overklokking.no konkluderte med at dette var eit produkt som hadde
forholdsvis god effekt. Settet er også ganske stilig, og det
hadde sikkert tatt seg godt ut under eit plexiglas. Prisen er på
beskjedne 120,- på 3dfxcool.
Peltier

Peltier element er ein teknologi som er lånt frå kjøleskap
og frysarar. Det er ei form for aktiv kjøling som er svært
effektiv. Peltier vert svært kalde på eine sida og varm
på den andre. Det vil sei at du må ha noko som kjølar
den sida som vert varm.
Kort fortalt virkar eit peltier element på den måten
at elektrona som går igjennom absorberar varme frå eine
sida og ledar den til den andre. Det er ingen kjøling i sjølve
elementet så temperaturen kan variere med heile 75 grader.
Det sei seg sjølv at det då er viktig med kjøling
på den varme delen.

Ein annan ting som er viktig når du skal bruke peltier i
datamaskinkjøling er å isolere skikkeleg. Enorme temperaturforskjellar
kan føre til at det oppstår fuktigheit rundt elementet.
Dette kan samanliknast med kondensproblemet ved vannkjøling.
Under er det bilete av eit grafikkort med påmontert peltier-element
og ferdig isolert.

Peltier element dreg svært mykje straum og det kan være
svæt aktuelt med ei eiga straumforsyning til dette.
Kjølepasta
Ein viktig ting i kjøling er pasta. Det er noko du legg
i mellom prosessoren og kjølaren. Dette er for å opnå
betre kontakt og dermed betre kjøling. Arctic silver og Nanotherm
er dei to som er ledande på dete feltet.

Arctic silver 3 består av 70% sølv. Dette er fordi
sølv er ein svært god ledar av varme. Sølvet
er mikronesert (oppdelt i veldig små partiklar) so det flyt
godt i veska det er oppløyst i. Dette er ei spesiell blanding
polysyntetiske oljer som gjer at pastaen flyt godt inn i dei mikrospokiske
ujevnheitene i kjøleribba.

Nanotherm Blue II er den pastaen som er nærmast arctic silver
3 i ytelse. Eg har dessverre ikkje funne noko dokumumentasjon på
kva denne pastaen er laga av (eg søkte på www.google.com
og linkane var ikkje tilgjengelige).
Digital Doc 5
Digital Doc 5 er eit produkt som er til for å styre vifter.
Dette er fordi det ikkje alltid er nødvendig å køyre
alle viftene på fullt. Dette skapar ein del unødvendig
støy. Om du har ein Digital Doc 5 kan du koble opptil 8 vifter
og 8 temperaturmålarar på denne. Då kan du stille
inn på kva temperaturar viftene skal skru seg på (alle
målarane er kobla til kvar si vifte). Då kan du plassere
målaren i eit område som vert påverka av den vifta.
I tillegg til å passe på viftene kan du lese av temperaturen
rundt i kabinettet og voltstanden på den stilige raude (bakgrunnsopplyste)
skjermen.
Digital Doc 5 har også ei lita 40x40 mm vifte og plass til
ein 3,5’’ harddisk bak. Dette kan du bruke til å
få ei viss kjøling på harddisken, som også
generar varme.
Det finst også andre liknande produkt, men eg har valgt å
presentere dette ettersom eg har ein sjølv. Eg er svært
nøgd med min. Om nokon av temperaturane vert for høge
(i forhold til det du har stillt inn) vil Digital Doc’en pipe
relativt høgt. Dette gjer at du får ein advarsel før
det er for seint. Eg vil tippe at dette har i det minste redda maskina
mi frå å gå ned fleire gongar.
Digital Doc 5 kostar kr. 745,- ved www.Microplex.no.
Kabinett-vifter
I tillegg til kjøling rundt dei forskjellige komponenta
er det ein svært god idè å ha kabinett-vifter.
Dette fører til mykje betre luftgjennomstrøyming og
difor lågare temperaturar. Den vanlegaste størrelsen
for dette er 80x80 mm. Under har eg presentert to vifter av denne
størrelsen. Dei finst også i andre størrelsar.
Desto større vifta er desto meir luft flyttar ho. Det vil
sei at den kan køyre på lågare omdreiningar og
dermed også lavare støynivå.

Sagt om denne vifta: ”Denne vifta bråkar som eit helikopter
og flyttar omtrent like mykje luft”. Den kan på tross
av den noko beskjedne størrelsen flytte heile 136 kubikkmeter
luft i timen. Dette klarar den ved hjelp av ei omdreingshastigheit
på 5700 i minuttet. Det sei seg eigentleg sjølv at
dette må bråke litt (52 desibel for å vere nøyaktig).
Delta vifta har i tillegg til ekstrem ytelse eit sett med ”styreblad”
som gjer at lufta i staden for å gå til alle kantar
gjeng den nesten rett fram. Det førar til meir effektiv kjøling.
Delta vifter er for dei som treng ekstrem kjøling, men alikavel
ikkje vil byrje med vannkjøling. Vannkjøling har den
ulempa at det er ein del meir styr. Derfor er det stort sett berre
dei som driv med overklokking som treng.

Vanlege folk treng vanlegvis berre vanlege vifter som t.d. vifta
til høgre. Det er ei papst vifte som flyttar 69 kubikk i
timen. Til gjengjeld har den eit lydnivå på ”berre”
32 desibel. Dette er eit meir akseptabelt lydnivå en delta
vifta, men ein merkar godt forskjell.
Eg har sjølv Delta vifte og den har eg kopla på ein
eigen brytar slik at eg kan skru den på og av uavhengig av
resten av viftene. Når det vert for varmt skrur eg på
”turboen” og temperaturen synk då raskt. 52 dB
er uakseptabelt når du skal jobbe med noko.
Ting & Tang
I tillegg til dei produkta og måtane og kjøle på
som eg har presentert til no eksisterar det ein god del smarte ”dingsbomsar”
som i tillegg til å vere bortimot stilige kan hjelpe på
til å senke temperaturen i kabinettet nokre hakk.

Nettopp ein slik ting er det som vert kalt for systemkjøler
for slot. Denne vert sett inn istaden for eit vanleg kort og bles
luft ut frå kabinettet. Ein fin måte å bruke dette
på kan vere i slotten rett under grafikkortet. Slik kan du
fjerne den varme lufta som kjem frå vifta der. Den er veldig
billeg (kr. 75,- ved microplex.no) og den tek unda 37 CFM.
Dette burde vere ei god invistering om du har ein ledig slot.

Dette er eit produkt til å kjøle ned harddiskar. Ein
plasserar den over/under harddisken. Dette kan vere aktuelt om du
vil alt i maskina. Der den kanskje er mest aktuell er om harddisken
utviklar svært mykje varme. Eg trur ikkje dette er noko stort
problem for dei fleste, men dei som brukar høghastigheitsdiskar
(som t.d. SCSI diskar) kan ha god nytte av dette.
Dette er eit anna produkt til harddiskar. Det er ei drevramme som
gjer at du kan montere 3,5’’ harddiskar i ein 5,25’’
plass. I tillegg virkar den som ei kjøleramme og er difor
ei viftelaus kjøling til harddisken.
Etterord
Eg håpar du ved å lese denne oppgåva har fått
ein idè om korleis du kan kjøle datamaskina di. Til
slutt vil eg gji deg nokre tips som kan vere lurt å ta med
seg.
· Tenk godt igjennom alt.
· Teikn gjerne opp korleis luftstraumane kjem til å
gå for å få eit betre overblikk.
· Sørg for at du har stor nok straumforsyning. Mykje
kjøling krev som regel mykje straum. Rekn gjerne ut kor mykje
straum du kje mtil å bruke før du set opp noko.
· Du treng ikkje alt sjølv om det ser stilig ut. Prøv
å tenk på kva du har behov for.
Eg har oppgjitt dei fleste kapasitetane i CFM. Dette er fordi det
var ikkje alle viftene som det var opplyst i m3. Utifrå det
eg har funne ut er 1 CFM lik 0.02831685 m3 . Eg gjer oppmerksom
på at dette er noko eg ikkje er sikker på.
Kjelder
Eg har henta det meste av informasjon frå www.overklokking.no.
Eg har også brukt ein del eigne erfaringa.
|